Varden 4H

 

4H Fylkesleir 2005

VELKOMEN TIL JUBILEUMSLEIR PÅ NORDSIDA I STRYN 30/6-3/7.

Varden 4H er teknisk arrangør av fylkesleiren i år. Vi inviterer til ein jubileumsleir då 4H-klubben vår fyller 50 år og Sogn og Fjordane 4H fyller 50 år. Vi har dobbelt grunn for å feire, så dette blir moro.

Hei!

Eg vil ønske alle 4H-arar velkomne til fylkesleir på Vangen 2005. Dette kjem til å bli ein morosam leir med mange spennande aktivitetar! På leiren kan du blant anna vere med på riding, klatring, dansing og brødbaking i grue. Vi her på Nordsida skal gjere alt for at de skal få nokre kjekke dagar på Vangen.
HUSK: Ta med alle 4H-arar de kjenner og kom på leir, så skal vi saman sørge for at alle får nokre supre dagar på Vangen.

Helsing Silje Bakken, leiar i Varden 4H

Program for leiren
Aktivitetar
Informasjon
Tevlingar
Leirkart

Lenkjer til generell informasjon:

Informasjon om buss, båt og ferje i Sogn og Fjordane

Nordsida
Stryn Kommune
Nordfjord
....