Varden 4H

 

Nyhende

”Pangstart” på Nordfjord Fritidssenter

Onsdag 20. februar 2008

Av Linda og Katrine
Vi møtte opp på Nordfjord Fritidssenter rundt klokka 10.00 og byrja med å arbeide med 4H-prosjekta våre. Vi var samla rundt borda og hadde det hyggeleg. Etterpå gjekk nokre grupper ut t.d. friluftsliv og hadde sitt eige opplegg.

Pangstart1Ikkje lenge etter var det middag, som var spagetti. Dette hadde kjøkkengjengen laga, og den bestod av Heidi, Tove Kristin og 4H-arane som har mat-oppgåver i 4H. Dette var smakande etter ein travel dag.

Deretter var det tur for å gå til Gapahuken og gå natursti på veg utover dit. Då byrja vi å lage store hopp og akte nedover bakkane. Mykje fart og more hadde vi der. Det blei laga ”tog” rekkjer med folk på ufo akebrett som rente ned bakken og andre hoppa på hoppa, som Kjetil og Isak filma.

Ei stund seinare kom klubbrådgjevarane med kakao og bollar som Even Andreas, Berit og Matias hadde laga til tidlegare, med god hjelp frå klubbrådgjevarane. Dette smakte godt etter ei kald og litt våt stund i snøen.

Vi gjekk deretter inn igjen og fekk skifta på oss tørre kle. Vi spelte spel og leika. Det var ping pong nede i leikerommet, skytespel på data, kort og andre brettspel.

Pangstart2
Det blei pizza og kiosk ein stund etter og vi jafsa i oss dette på nokre sekund og byrja å leike igjen. Nokre var i skitrekket, andre spelte snøfotball og herja ifrå seg, medan resten var inne og leika og slappa av.

Ut mot kvelden byrja folk å reise heim att, ein etter ein for å gå heim att å leggje seg.




Det var ein fin og vellukka ”Pangstart” på Nordfjord fritidssenter, med strålande vêr og god mat!!!

(Sist oppdatert 06.april 2008, 22:41)

Gå til nyhendearkiv