Varden 4H

 

Nyhende

Ryddedag

Av Linda Berglid
Det var ein munter og glad gjeng på femten som møtte opp. Etter at vi hadde fordelt oppgåvene og kvar vi skulle rydde, fekk vi utdelt ein søppelpose til å samle opp rusket. Etter at vi hadde rydda og samla opp litt av kvart samla vi oss utanfor Fjellvarden og fekk oss varm pizza som nokon av medlemmane og leiarane hadde laga, og saft til å slokke tørsten med. Ja, dette var ein riktig koseleg stund. Det var så masse pizza at vi kunne ete så mykje vi ville.

(Sist oppdatert 08.juni 2008, 16:22)

Gå til nyhendearkiv