Varden 4H

 

Nyhende

4H-dag ved Sagedammen

Av Linda Berglid
Det var ein fin søndag og mange menneske som hadde samla seg rundt om på området. Nokon stod i kiosken og selte smågodt og andre hadde det kjekt med å padle kano, spele volleyball, kaste hestesko, gå natursti og delta i sykkelkonkurranse.

Det var ein fin søndag og det var mange som møtte opp og koste seg. Det vart grilling med ein gong, og kiosken var open for dei som trengte litt godteri og brus til å slokke tørsten med.

Vi begynte med å gå natursti som var hengt rundt om på området med ca femten spørsmål. Etter kvart kom kanoane ned og det vart teke i bruk med ein gong av ivrige ungar. Litt seinare på dagen vart det sykkelkonkurranse og volleyballkonkurranse.

Vi kåra eit par vinnarar og det var Gudrun og Kristina, Tove og Astrid som vann på naturstien. I sykkelkonkurransen var det Erlend som var den heldige vinnaren, men det vart ingen premie på volleyballkonkurransen.

(Sist oppdatert 08.juni 2008, 16:25)

Gå til nyhendearkiv