Varden 4H

 

Nyhende

Pangstart er flytta til måndag 22. februar!!!

- Programmet er elles likt.

Av Eirik Bergset
Då er vi byrja på eit nytt år i 4H, og gjennom dette året er det mykje som skal skje. Måndag 22. februar i vinterferien blir det pangstart på Nordfjord fritidssenter. Vi møter opp kl. 10:00.
Det blir mogleg å jobbe med arbeidsopgåva di dette året (Hugs heftet og skrivesaker). Litt utoverdagen blir det også mat å få.
Etterkvart går vi ut til gapahuken, og blir der ei stund. Her blir det mogleg å finne på ulike aktivitetar, her er det anbefalt at dykk tek med ufoakebrett sjølve. Å ikkje minst, ta med gode utekle.
Kiosken blir helde open, så her blir det mogleg å kjøpe seg brus og godteri :)
Skitrekket blir trulig opna denne dagen, så lenge der er snø.
Vi held på utover kvelden så lenge vi vil.
Hugs det gode humøret! :)

(Sist oppdatert 02.februar 2010, 20:46)

Gå til nyhendearkiv